porten til fosselandet
I vikingtida låg Sande strategisk til ved Gaularvassdraget, der ferdsla gjekk både langs vatnet og gjennom
dalføret. Arkeologiske funn viser at området har vore busett i svært tidleg tid, og peikar på Sande som ein
viktig stad å stanse og slå seg ned. Elva og vatna var sentrale ferdselsårer, og bygda vart eit naturleg
møtestad for reisande mellom fjord og fjell.
I mellomalderen heldt denne rolla fram. Kyrkja vart eit samlingspunkt, medan ferdselsvegane gjennom dalen knytte
bygdene saman. Reisande, handelsfolk og lokale bønder møttest her, og landskapet rundt Sande var prega av liv og
rørsle.
På 1800-talet vart Sande endå tydelegare eit knutepunkt i Gaular. Med nye vegar,skule, kommunesenter, skysstasjonar og auka handel
vart bygda ein viktig stoppestad for dei som skulle vidare gjennom regionen. Ferdsla gjekk både aust–vest
gjennom dalen og nord–sør mot fjorden.
I dag ligg Sande sentralt i Sunnfjord, der vegar framleis kryssar kvarandre og bind saman ulike delar av
regionen. Frå gamle ferdselsvegar langs elva til moderne transportårer har Sande lenge vore ein stad der folk
passerer, møtest og reiser vidare.
Garden Sanda ligg sentralt på Sande, mellom fjord og fjell, og har røter attende til dei eldste tider.
Namnet, som kan førast tilbake til folkevandringstida før vikingtida, vitnar om svært gamal busetnad.
Her har folk levd av jord, skog og elv i hundrevis av år, og arkeologiske funn frå jernalderen viser at området
har vore brukt lenge før dei første skriftlege kjeldene nemner garden.
Forteljinga kjem snart.
Langt før kyrkja reiste seg, lenge før namnet Sande vart skrive ned, fann menneske sin heim her.
Arkeologiske spor frå yngre jernalder, gravhaugar og kokegroper, fortel om folk som såg Gaula-dalen som ein stad
å bu, dyrke og leve.
Minnesmerka står enno mellom prestegarden, skule og hotell frå nyare tid, som stille vitne om dei første som slo
seg ned her.
Forteljinga kjem snart.
På 1800- og 1900-talet vart det gamle Sande sentrum eit bygdesentrum med butikk, bakeri, kafe, kommunekontor,
postkontor og busstasjon.
Bruer og vegar knytte gardane rundt nærare saman, og livet i gata vart prega av både handel og møte mellom folk.
For mange var Sande staden der vegane møttest. Her handla ein, høyrde nytt og tok del i små og store
bygdehendingar.
Forteljinga kjem snart.